søndag 5. juli 2009

Endelig starta sykkelen til Trond!!



Da va ein fantastisk kveld hin kvelden! Da mesta handla om sykkelen te trond. Kalle og Trond skrudde og herja på. Vi andre, (Håkon, som no òg har fått seg både sykkel og utstyr, men da får eg komma tebake te på et annet innlegg, og eg), gjorde så godt vi kunne med å holda på plass både deksel og ant. Da va kje ein ting desse to ikkje fant ut av, og ette mange tima og mykje mekking va da klart for start av sykkelen. Spenningen va te ta og føla på, og då vidunderet starta, va alle tima og kvelda med opptura og nedtura, gløymt!

Eg fekk montert på computer på sykkelen min den kvelden, og i tillegg fekk eg ordna støtto, sånn at sykkelen sto stødigare. Da blei både sveising og skruing, men kvelden tilhørte Trond og hans DR 750 BIG, da må vel vera da finaste eksemplaret av sorten her i landet?



1 kommentar:

  1. Gratulere til Trond og alle medhjelparane hans. Dette var godt nytt. Håpar for hans og oss andre sin del, at sommeren enno har det beste å gje av fint køyrevær.

    SvarSlett