søndag 14. juni 2009

Tur til Hardanger..

Så kom vi oss endelig på tur! Etter måneder med venting på både våren og lappen, var endelig dagen for årets første tur med gutta. Da vil sei, Trond kunne ikkje vera med, for han jobber med sykkelen sin ennå.
Den egentlige planen var å ta for oss ein 4 dagers tur til Geiranger, men den måtte vi utsetja pga usikre vèmeldinga.
Vi blei enig om ein dagstur til på lørdag. Eksingedalen var målet, men då vi kom til Nordhordlandsbrua såg da veldig mørkt ut, (vèret altså...)
Vi snudde og tok fatt på Hardanger istadenfor.
Ein kaffistopp på Bjørkheim, og med eitt va vi i Kvanndal. Vidare frå Granvin til Ulvik over Ulviksfjellet. For ein etappe! nydelig vèr og fantastisk nedkjøring mot Ulvik!
Deretter tok vi oss inn til Osa heilt innerst (?) i Hardangerfjorden. Der stoppa vi og grilla pølser.
Frå Osa bar det oppover Osafjellet. På kartet såg det ut som om vi skulle klara å komma på 1200 meters høgde, men snøen stoppa oss på 845 meter.. (ifølge GPS`en til Kalle..)
Ner i igjen fra fjellet, og kaffi ved elva og med høgreiste fjell i bakgrunnen. Kan man ha da bere?Heim igjen via Voss og selvfølgelig Bergsdalen. Den var full av telehiv, så der fekk støtdemparane (både dei på sykkelen og dei medfødte..) prøvd seg skikkelig!
Alt i alt ein fantastisk tur. Og da besta? at dette var berre den første for sommaren..
Trond! få ferdig sykkelen :)
Grilling i Osa
So langt som vi kom på Osa fjellet Seinare i sommar tar vi resten...


Flotte sykla i flott natur :) Bergsdalen

4 kommentarer:

  1. Ja ditta e ein tur eg gjedna tar ein gong te. Ingenting e som ein tur i lag med gode venner på sykkelen i Guds vakre natur, da kan rett og slett ikkje bli bedre.....
    Dette var prøveturen, meir i vente :-)

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå bilde frå turen til Osa. Kjenner området godt, men det er frå bilsetet. Det smakar vel ikkje heilt det same, går eg ut frå, bortsett frå pølsene då.

    SvarSlett
  3. Eg forstod ikkje heilt det med Nordhordlandsbrua og Eikelandsosen. Er det kartet, GPS'en eller er det berre meg???

    Helsing forvirra

    SvarSlett
  4. Kjære forvirra!

    Det er ikkje nåke feil med hverken kartet, deg eller GPS`en! Det er nok forfattaren av denne bloggen so var so ivrig etter å få leggja ut bilder og kommentarer på bloggen. Eikelandsosen skal få fred for motorsykla, men Eksingedalen derimot, kjem nok til å få besøk i nærmaste framtid av desse mc-kara ska du sjå!

    SvarSlett